torsdag 30. desember 2010

Oppskrift på stor hue:)

Tenkte eg kunne legge ut oppskrift på den lyngfarga hua som eg har lagt ut på bloggen:) Den er superenkel å strikke. Ein fin ting for deg som ikkje har strikka så mykje før også:)

Legg opp 100 masker på pinne 4,5 med dobbel 2-tråds nøstebarntråd (denne vart ganske vid så kan godt hende det held med 90 masker også). 
Strikk vrangbord med 2rette og 2 vrange masker i 15 omgangar.
Strikk rettstrikk oppover, 55-60 omgangar. 
På nsete omgang startar ein fellinga: 
Strikk 8 masker rett og strikk 2 rett saman, fortsett slik ut omgangen.
Strikk 2 omgangar utan felling
På neste omgang, strikk 7 m rett og strikk 2 m rett saman.
Strikk 2 omg utan felling.
Fortsett slik med ei maske mindre for kvar omg med felling. 
Når du har att 10 m på pinnen trekk tråden gjennom maskane og fest endane:)

NB! Kan sikkert bruke vanleg babyull også, men då ville eg hatt litt ferre maskar og litt tjukkare pinnar:)

1 kommentar:

  1. Den skal også prøvast :)
    Sjønna berre ikkje korleis du fe tida til å strikke me tre små i huset :) Slite no me berre en til tide ej.... :)

    SvarSlett