lørdag 12. mars 2011

Flotte gåveøsker av tapet!

Innlegget i dag er ikkje så strikkeprega:) Eg har nemleg begynt å lage nokre gåveøskjer som eg syns fortente ein plass her i bloggen min. Har du gamal tapet som du ikkje akkurat har tenkt å bruke på veggen, kan det godt hende den hadde vore super til dette formålet:) Dess meir og fargerikt mønster, dess finare øskjer blir det, vil eg seie:)

Dette er nok ikkje noko eg har kome på heilt av meg sjølv. Det var mamma som gav meg ideen. Far min hadde vore på Eidadagar på Nordfjordeid, der han hadde stand og selde sine flotte heimelaga knivar. I boda ved sida av satt det nokre strikkedamer som selde diverse strikkeprodukt, saft og popcorn?!? Desse damene hadde slike gåveøskjer. Dei som handla med dei, fekk det dei kjøpte i slike fine øskjer. Denne ideen måtte eg berre ta og seier takk til strikkedamene på Eid.

Eg har laga nokre og legg ut bilde her. Så folkens ikkje hiv gamal tapet den kan bli til kjempeflotte gåveøskjer:)

        

På strikkefronten har eg no blitt ferdig med ein tjukkegenser i lyng som eg skal gi til ei lita flott jente på 1 år:) Bilder kjem når endane er festa og bilda er tatt:)  

Eg har også gjort ferdig nokre kjøkkenklutar i bomull, som eg har hatt liggande halvferdige ei stund:) Desse er kjempelette å stirkke og er supre gåver:)

           

tirsdag 8. februar 2011

Marius-tunika og andre småting:)

Den siste tida har all ledig tid gått med til strikking, har difor ikkje oppdatert bloggen:) Eg fekk spørsmål om å strikke ein marius tunika, og eg vart heilt hekta:) Så no har eg strikka to marius tunikaer:) Desse strikka eg på 2-3 veker, men då gjekk dei fleste kveldane med til strikking, sjølv om eg sikkert hadde mange andre ting eg heller burde gjort... No gjenstår berre å sjå om dei kan gjerast litt finare rett under armen.


Desse er strikka i SISU garn frå Sandnes Ullvare. Den minste i str2 år og den største i str6 år.


I tillegg har eg fått ferdig et seleskjørt som vesle Ingrid på vel 1 år skal ha. Dette er også strikka i SISU garn. Dette skjørtet har leie nesten ferdig lenge. Hadde strikka nesten ferdig stripene før eg hadde lagt det på vent:) (typisk meg). 





Då eg var ferdig med desse tre tinga, kika eg ned i strikkekorga mi som trengte ei oppryddning og fann nokre for så vidt ferdige prosjekt som trengte ein siste "touch". Det vil seie at der gjenstod litt montering og endefesting, noko som for øvrig er noko av det kjedeligaste eg veit. Men godt å få gjort seg heilt ferdig med dei:) Framleis har eg eit par uferdige prosjekt liggande i strikkekorga, men dei får eg ta litt etterkvart og innimellom:)

Mitt neste prosjekt vert ein genser til vesle Rannveig som matchar monsterbuksa ho fekk til jul:) Den har eg  så vidt begynt på, men pga at eg har vore sjuk nokre dagar har eg ikkje orka å strikke noko på den!

lørdag 22. januar 2011

Nokon som kan hjelpe?

Dette innlegget skriv eg i håp om at nokon kan hjelpe meg litt! Eg har siste tida strikka på litt ulike prosjekt som eg skulle ha gjort ferdig. Har strikka eit smetteskjerf på bestilling og held på med ein genser til vesle Ingrid:) I tillegg har eg begynt på ein "mariuskjole" men meiner at det må vere noko feil med oppskrifta. Nokon som kan hjelpe meg med dette? Nokon som har ei rettting til heftet "Til fjells 0915" frå Sandnes garn?

Ellers vil ej ønske alle ei strålande strikkehelg. Passar godt når det regnar og bles som verst ute.

søndag 9. januar 2011

Årets første prosjekt!

Igår vart eg ferdig med årets første strikkeprosjekt. I romjula starta eg på ei ny monsterbukse som gladguten Kristian skulle få til bursdagen sin:) Igår vart han 2 år og ein time før vi skulle fare ut dørene vart siste tråden festa:) Rakk det akkurat! Denne gongen har eg brukt lys blå, dueblå og naturbrun i dobbel 2-tråds merinoull frå nøstebarn:)

No må nok mine neste prosjekt bestå av å gjere ferdig ting eg har begynt på som ligg i strikkekorga og ventar på å bli ferdiglaga:)  Først eit lite bestillingsprosjekt. Har fått spørsmål om eg kan ta på meg litt strikking på bestilling så no er det eit brunt smetteskjerf som står på programmet. Dersom nokon har ting dei gjerne ville ha strikka, men som av ein eller annan grunn ikkje vil gjere det sjølv, så ta gjerne kontakt. Tek ikkje på meg alle prosjekt, men det er lov å spørje:) Pris vil då vere avhengig av type garn og kor mykje arbeid som må leggast ned! 



torsdag 6. januar 2011

Godt nytt år!

Vil ønske alle lesarar av hobbybloggen min eit godt nytt år:)  Tenkte eg skulle legge ut eit bilde av ein babydress eg laga til vesle Magnus som vart fødd i oktober... Den var strikka etter ønske frå mamma Hanne, og eg synest fargane var utrulig fine ilag. Fargane heitte lys blå og dueblå! Har tidlegare strikka to slike dressar til mine to små. Då strikka eg ein i lilla/syrin og ein i grøn/ natur Den var utrulig god og varm på kalde vinterdagar. Er strikka i dobbel 2tråds merinoull frå nøstebarn!





I kveld blir det montering og monsterfjessying på den siste buksa eg har strikka:) Bilde kjem etter kvart. Den har eg strikka i same fargane som denne dressen og brunt.