onsdag 29. desember 2010

GOD JUL!
Så va dei heimelaga julegåvene gitt vekk, og då kan ein vel kanskje legge ut litt bilder på bloggen:) Litt dumt å legge ut bilder før ga¨åvene er gitt:)
I år strikka eg monsterbukser til mine to søte tantebarn som slett ikkje er monster, men med monster på baken blei dei i alle fall litt skumle:)  

 Denne var til Rannveig på snart 1år.


Her er buksa som Sveinung på snart 3 år fekk:)


Desse buksene har eg strikka i dobbel 2-trådsgarn frå nøstebarn, med litt tjukke pinnar og synes resultatet vart veldig bra. Er no igang med ei ny som skal bli bursdagsgåve:) Desse buksene er enkle og kjappe å strikke så det vert sikkert fleire bilder av slike bukser her inne på bloggen min:)
 
 
Rannveig fekk i tillegg til monsterbuksa eit lyngfarga smetteskjerf:) Her har eg brukt samme type garn som til monsterbuksene:)


3 kommentarer:

  1. Hei. Så flink du er til å strikke. Gratulerer med tre barn. Lykke til med bloggingen. Jeg har også blogg. Vi sees her i bloggeverdenen.
    Hilsen
    Sassi

    SvarSlett
  2. Så fint!! Eg strikka ei buksa no..skulle hatt litt hjelp av deg.. Ser fram til fleire strikkeinnlegg :)

    SvarSlett
  3. Kjempetøffe monsterbokse! Ej he også tenkt å strikke sånne når ej fe tida :) Geda mej til å følge me på ka du legge ut!
    Klem :)

    SvarSlett