Innlegget i dag er ikkje så strikkeprega:) Eg har nemleg begynt å lage nokre gåveøskjer som eg syns fortente ein plass her i bloggen min. Har du gamal tapet som du ikkje akkurat har tenkt å bruke på veggen, kan det godt hende den hadde vore super til dette formålet:) Dess meir og fargerikt mønster, dess finare øskjer blir det, vil eg seie:)
Eg har laga nokre og legg ut bilde her. Så folkens ikkje hiv gamal tapet den kan bli til kjempeflotte gåveøskjer:)
På strikkefronten har eg no blitt ferdig med ein tjukkegenser i lyng som eg skal gi til ei lita flott jente på 1 år:) Bilder kjem når endane er festa og bilda er tatt:)
Eg har også gjort ferdig nokre kjøkkenklutar i bomull, som eg har hatt liggande halvferdige ei stund:) Desse er kjempelette å stirkke og er supre gåver:)