søndag 9. januar 2011

Årets første prosjekt!

Igår vart eg ferdig med årets første strikkeprosjekt. I romjula starta eg på ei ny monsterbukse som gladguten Kristian skulle få til bursdagen sin:) Igår vart han 2 år og ein time før vi skulle fare ut dørene vart siste tråden festa:) Rakk det akkurat! Denne gongen har eg brukt lys blå, dueblå og naturbrun i dobbel 2-tråds merinoull frå nøstebarn:)

No må nok mine neste prosjekt bestå av å gjere ferdig ting eg har begynt på som ligg i strikkekorga og ventar på å bli ferdiglaga:)  Først eit lite bestillingsprosjekt. Har fått spørsmål om eg kan ta på meg litt strikking på bestilling så no er det eit brunt smetteskjerf som står på programmet. Dersom nokon har ting dei gjerne ville ha strikka, men som av ein eller annan grunn ikkje vil gjere det sjølv, så ta gjerne kontakt. Tek ikkje på meg alle prosjekt, men det er lov å spørje:) Pris vil då vere avhengig av type garn og kor mykje arbeid som må leggast ned! 



5 kommentarer:

  1. Du e FLINK!!!! :) Eg driv å øver meg.. ;) Akkuratt no er det votta på programmet..

    SvarSlett
  2. Hei, Flotte monsterbukser- de er så tøffe. Eg har og nettopp strikka ei bukse som skal bli monsterbukse- gjenstår bare å brodere øyne og tenner............. eg har aldri brodert på strikketøyet mitt før, så eg gruer meg, merker eg.

    Kathrine fra Bru

    SvarSlett
  3. Unni Kristin: Det er bra å øve, sjølv om vottar kanskje ikkje er det enklaste å strikke:) Monsterbuksene er kjmepeenkle:) Gi en lyd so forklara ej gjerne korleis du skal gjere det:)

    Kathrine: Eg veit, montering er kjempekjedelig. Då må motivasjonen vere at det blir så fint til slutt. Då eg skulle brodere tennene og augene gjekk eg på nettet og plukka litt tips her og der. Eg har brodert sting utanpå maskene og då ser det ut som det er strikka på:) Dersom du klikkar på bilda i bloggen min, vert dei forstøa og såleis kan du sjå korleis eg har gjort det... Lykke til:)

    SvarSlett
  4. Hvor har du fått oppskrift til monsterbuksa fra? De er veldig fine!

    SvarSlett
  5. Hei! Oppskrifta på monsterbuksene har eg laga sjøl og tilpassa den til tråden ej brukte:)

    SvarSlett