Dette innlegget skriv eg i håp om at nokon kan hjelpe meg litt! Eg har siste tida strikka på litt ulike prosjekt som eg skulle ha gjort ferdig. Har strikka eit smetteskjerf på bestilling og held på med ein genser til vesle Ingrid:) I tillegg har eg begynt på ein "mariuskjole" men meiner at det må vere noko feil med oppskrifta. Nokon som kan hjelpe meg med dette? Nokon som har ei rettting til heftet "Til fjells 0915" frå Sandnes garn?
Ellers vil ej ønske alle ei strålande strikkehelg. Passar godt når det regnar og bles som verst ute.
Dette er min hobbyblogg. Her vil eg legge ut bilder og tekst om ting eg har laga. Kanskje også nokre oppskrifter på nokre av tinga:)
lørdag 22. januar 2011
søndag 9. januar 2011
Årets første prosjekt!
Igår vart eg ferdig med årets første strikkeprosjekt. I romjula starta eg på ei ny monsterbukse som gladguten Kristian skulle få til bursdagen sin:) Igår vart han 2 år og ein time før vi skulle fare ut dørene vart siste tråden festa:) Rakk det akkurat! Denne gongen har eg brukt lys blå, dueblå og naturbrun i dobbel 2-tråds merinoull frå nøstebarn:)

torsdag 6. januar 2011
Godt nytt år!
Vil ønske alle lesarar av hobbybloggen min eit godt nytt år:) Tenkte eg skulle legge ut eit bilde av ein babydress eg laga til vesle Magnus som vart fødd i oktober... Den var strikka etter ønske frå mamma Hanne, og eg synest fargane var utrulig fine ilag. Fargane heitte lys blå og dueblå! Har tidlegare strikka to slike dressar til mine to små. Då strikka eg ein i lilla/syrin og ein i grøn/ natur Den var utrulig god og varm på kalde vinterdagar. Er strikka i dobbel 2tråds merinoull frå nøstebarn!
I kveld blir det montering og monsterfjessying på den siste buksa eg har strikka:) Bilde kjem etter kvart. Den har eg strikka i same fargane som denne dressen og brunt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)