tirsdag 8. februar 2011

Marius-tunika og andre småting:)

Den siste tida har all ledig tid gått med til strikking, har difor ikkje oppdatert bloggen:) Eg fekk spørsmål om å strikke ein marius tunika, og eg vart heilt hekta:) Så no har eg strikka to marius tunikaer:) Desse strikka eg på 2-3 veker, men då gjekk dei fleste kveldane med til strikking, sjølv om eg sikkert hadde mange andre ting eg heller burde gjort... No gjenstår berre å sjå om dei kan gjerast litt finare rett under armen.


Desse er strikka i SISU garn frå Sandnes Ullvare. Den minste i str2 år og den største i str6 år.


I tillegg har eg fått ferdig et seleskjørt som vesle Ingrid på vel 1 år skal ha. Dette er også strikka i SISU garn. Dette skjørtet har leie nesten ferdig lenge. Hadde strikka nesten ferdig stripene før eg hadde lagt det på vent:) (typisk meg). 





Då eg var ferdig med desse tre tinga, kika eg ned i strikkekorga mi som trengte ei oppryddning og fann nokre for så vidt ferdige prosjekt som trengte ein siste "touch". Det vil seie at der gjenstod litt montering og endefesting, noko som for øvrig er noko av det kjedeligaste eg veit. Men godt å få gjort seg heilt ferdig med dei:) Framleis har eg eit par uferdige prosjekt liggande i strikkekorga, men dei får eg ta litt etterkvart og innimellom:)

Mitt neste prosjekt vert ein genser til vesle Rannveig som matchar monsterbuksa ho fekk til jul:) Den har eg  så vidt begynt på, men pga at eg har vore sjuk nokre dagar har eg ikkje orka å strikke noko på den!

5 kommentarer:

  1. Du er så FLINK frk SnippSnapp :)

    SvarSlett
  2. Her va d monge fine plagg - så flink du e Ingvild!
    Blir jo rett inspirert av å lese bloggen din og sjå alt d fine du produsera. Tenke d va godt å få rydde litt oppi korga. Ej bruka å ta me plagga til Volda for festing av tråda :)He forresten akkurat fått det siste nøstebarnteppet i hus (besta som he laga) so no he vi ikkje mindre enn 4 stk og bruka alle omtrent kvar dag.
    Ser allerede fram til neste innlegg :) klem

    SvarSlett
  3. Tusen takk begge to:) Kjekt at eg kan vere til inspiriasjon, sjølv synest eg det er kjekt å vise fram det eg har laga!

    SvarSlett
  4. Imponerande, Ingvild! Det er supert å ha ei strikketante :)

    SvarSlett
  5. hei, du tar på dg strikkeoppdrag også vel??:)

    SvarSlett