lørdag 12. mars 2011

Flotte gåveøsker av tapet!

Innlegget i dag er ikkje så strikkeprega:) Eg har nemleg begynt å lage nokre gåveøskjer som eg syns fortente ein plass her i bloggen min. Har du gamal tapet som du ikkje akkurat har tenkt å bruke på veggen, kan det godt hende den hadde vore super til dette formålet:) Dess meir og fargerikt mønster, dess finare øskjer blir det, vil eg seie:)

Dette er nok ikkje noko eg har kome på heilt av meg sjølv. Det var mamma som gav meg ideen. Far min hadde vore på Eidadagar på Nordfjordeid, der han hadde stand og selde sine flotte heimelaga knivar. I boda ved sida av satt det nokre strikkedamer som selde diverse strikkeprodukt, saft og popcorn?!? Desse damene hadde slike gåveøskjer. Dei som handla med dei, fekk det dei kjøpte i slike fine øskjer. Denne ideen måtte eg berre ta og seier takk til strikkedamene på Eid.

Eg har laga nokre og legg ut bilde her. Så folkens ikkje hiv gamal tapet den kan bli til kjempeflotte gåveøskjer:)

        

På strikkefronten har eg no blitt ferdig med ein tjukkegenser i lyng som eg skal gi til ei lita flott jente på 1 år:) Bilder kjem når endane er festa og bilda er tatt:)  

Eg har også gjort ferdig nokre kjøkkenklutar i bomull, som eg har hatt liggande halvferdige ei stund:) Desse er kjempelette å stirkke og er supre gåver:)

           

3 kommentarer:

  1. Så utrolig flink du er til å strikk! Likte veldig godt gaveeske-idèen, de du hadde laget var kjempestilig. Strikker du på bestilling? Hva tar du for f.eks en strikkekjole?

    SvarSlett
  2. Takk Linda! Strikka litt på bestilling ja. Prisen kjem an på kva slags kjole det er og ka str... Må ha for garnet og ein del for arbeidet. Berre send mej en mail eller ei melding på facebook viss du har oppdrag eller spørsmål:)

    SvarSlett
  3. Kjempe stilig! Det kan ej tenke mej å lære engang, men he ikkje akkurat noke tapet-restar for øyeblikket;)

    SvarSlett